20 september 2006

eg har ein draum som eg lét deg tenka
om du kjem til meg får du sjå
eg har ein draum som eg sjølv vil skjenka
inn til deg om du vonar så

eg veit eg vil deg nærare kjenna
eg veit kor go du er
eg veit ikkje kvifor eg lét deg venda
sjølv om eg flyg frå deg no

eg veit ikkje om du vil meg leva
eg veit ikkje om du får meg sjå
eg veit ikkje om eg vil deg gjeva
ein draum til deg om eg må


Vidar Andersen 2006

20 april 2006

Vener

Vend før vinden tar deg
Gå bak husnova
Der finn du din veg

Vend før du ligg der
Og du ikkje kan snu
Eg ventar på deg her

Handa mi tek du
Eg vil vera din ven
Eg vil ikkje bort frå deg


Vidar Andersen 2006

Tida

Ein blome har ikkje tid
Ho bare er
Eg ser henne
Eg let henne vere

Tida ho flyt ikkje
Eg sei te henne
Let meg vere

Tida ho renn ikkje
Ho krinsar rundt ein
Ho let meg ikkje vere

Ho er ikkje nokon sin ven
Blomen tar henne ikkje til seg
Blomen ligg der
Tida har anda på henne


Vidar Andersen 2006