eg har ein draum som eg lét deg tenka
om du kjem til meg får du sjå
eg har ein draum som eg sjølv vil skjenka
inn til deg om du vonar så
eg veit eg vil deg nærare kjenna
eg veit kor go du er
eg veit ikkje kvifor eg lét deg venda
sjølv om eg flyg frå deg no
eg veit ikkje om du vil meg leva
eg veit ikkje om du får meg sjå
eg veit ikkje om eg vil deg gjeva
ein draum til deg om eg må
Vidar Andersen 2006
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar